Kort fortalt

Småbilar er oftast skuld i dødsulykkene

Berre kvar fjerde skuldast vongtogsjåføren.

03.01.2020
NPK: Dei fleste dødsulykkene med vogntog er ikkje forårsaka av vogntogsjåføren, ifølgje ny rapport.
– Eg trur det har mest med erfaring å gjere. Yrkessjåførar har meir erfaring med køyring enn folk flest, seier lastebilsjåfør John Myrvold til
Den ferske rapporten frå Samferdsledepartementet viser at i berre 26 prosent av dødsulykkene der vogntog er involvert, er det vogntoget som er årsaka til dødsulykka. Tala i rapporten er henta frå ulykkesgruppa i Statens vegvesen.
Tungbilar var involvert i 140 dødsulykker mellom 2014 og 2018. Dødsfall der sjølvmord var årsaka er ikkje med i statistikken.
– Vi har i næringa hatt ei oppfatning i mange år at det nok er dei mindre køyretøya som utgjer den største risikoen for samanstøyt mellom store og små køyretøy på vegane, seier fylkesleiar Per Madsen i Norges Lastebileigarforbund i Buskerud til statskanalen.

Publisert: 03.01.2020 13:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31