Kort fortalt

Småkommunane best på klima

Førebur seg best på våtare og villare vêr.

11.11.2020
NPK: Små kommunar har størst framgang i arbeidet med klimatilpassing, ifølgje ei undersøking frå If og Cicero.
– I år seier 35 prosent av kommunane at dei har sett av personalressursar til arbeidet med klimatilpassing. I fjor var talet 12 prosent, seier seniorforskar i Cicero Senter for klimaforskning, Marit Klemetsen, til
38 prosent av kommunane har sett av budsjettmidlar til klimatilpassingsarbeid. Det er ein auke frå 27 prosent i fjor.
– Den nye undersøkinga viser at fleire norske kommunar tar klimatilpassing på alvor. Samstundes viser undersøkinga at det er dei minste kommunane som i år har forbetra seg aller mest på å møte eit våtare og villare vêr, seier Klemetsen.
122 kommunar har deltatt i den nye klimaundersøkinga.

Publisert: 11.11.2020 17:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24