NPK-NTB: I 2018 er det registrert nesten 950.000 fritidsbåtar i Noreg, viser tal frå den nye båtlivsundersøkinga. Det er ein auke på 200.000 båtar på seks år.
Med ei total kystlinje på over 100.000 kilometer er det ikkje rart at båtliv står høgt i kurs hos nordmenn. I 2012 vart derfor Båtlivundersøkinga gjennomført av Kongelig Norsk Båtforbund (KNBF) i samarbeid med ei rad andre organisasjonar.
I 2012 viste undersøkinga at det var totalt 750.100 fritidsbåtar i Noreg. Det inkluderer både kanoar og kajakkar, joller og robåtar, motorbåtar og seglbåtar. Båtlivsundersøkinga 2018, som vart lagt fram under fritidsbåtkonferansen i Haugesund torsdag, viser at det no er totalt 948.000 båtar i Noreg.
Undersøkinga viser at det finst ein eller fleire fritidsbåtar i meir enn 30 prosent av norske hushald med personar i alderen 18–74 år. Resultata viser ein auke på 6 prosentpoeng frå førre måling i 2012.
Den klart mest vanlege båttypen er motorbåt utan overnattingsmoglegheit der talet har auka frå 291.000 i 2012 til 402.000 ved inngangen til 2018. Det er også verd å nemne at talet på kanoar og kajakkar har meir enn dobla seg på dei siste seks åra og auka frå 80.000 til 170.000. Det registrert talet på vasscooterar (som ikkje var lovleg i Noreg for seks år sidan) er heile 10.000.
Båttettleiken er størst i Nord-Noreg og på Sør- og Vestlandet der fleire enn kvar tredje husstand har båt og lågast i hovudstadsregionen der «berre» ein av fire er båteigarar.
Undersøkinga viser også at innføringa av redningsvestpåbodet har hatt verknad. I 2012 svarte rundt halvparten av dei spurde at dei alltid har på seg godkjent flyteplagg. I den nye undersøkinga svarar to av tre det same.

Publisert: 19.04.2018 12:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39