NPK-NTB/NETT NO: Høgre-leiar Erna Solberg er ikkje i tvil:
– Vi må innsjå at det grøne skiftet kjem til å krevje ein del meir naturinngrep. Særleg gjeld det kraftkrevjande prosjekt, seier Solberg til Aftenposten.
Ho viser mellom anna til ei sak i Salten i Nordland, der draumen om eit grønt stålverk forsvann i ein lokal strid om vindturbinar på fjellet som måtte til for å sikre straum til stålverket. Vindturbinane møtte stor motstand, og lokalpolitikarane sette til slutt foten ned.
– Her trur eg lokale politikarar vart ekstremt pressa av aksjonistar. Det gjer det litt handlingslamma i Noreg akkurat no. Aksjonistane har ei debattform som gjer at folk ikkje orkar, meiner Solberg.
Det var selskapet Blastr Green Steel som ville bygge i Salten, ifølgje Norwea, ein interesse og branjeorganisasjon for vindkraftutbygging.
Blastr Green Steel vart etablert i 2021 og hadde ikkje inntekt i fjor. Største aksjonær er selskapet Vanir, ifølgje Proff.no. Vanir vart skipa i 2020 og hadde 0,6 millionar kroner i inntekt i 2021.
Publisert: 15.09.2022 07:53
Sist oppdatert: 15.09.2022 08:10




