NPK-NTB: DNB Markets trur årets bustadprisfall blir mindre bratt enn konkurrentane deira trur. Botnen blir nådd i april og prisane er tilbake på toppnivået i fjor i 2025, spår banken.
Handelsbanken og Nordea Markets spår eit bustadprisfall på høvesvis 4 og 5 prosent i år. DNB Markets trur ikkje på eit like bratt bustadprisfall og spår ein nedtur på 2,6 prosent i år.
Etter at botnen er nådd i april vil bustadprisane stige moderat. Men likevel trur ikkje prognosemakarane at bustadprisane er tilbake på nivået i august 2022 før i 2025.
– Det er klart det er kjipt for nokre. Vi trur det vil ta tid å komme tilbake til dei nivåa, seier seniorøkonom Oddmund Berg til E24.
Årsaka til at DNB Markets ikkje trur bustadprisfallet blir så bratt, er at dei ikkje trur at bustadprisane følgjer renta like tett når renta blir sett opp som når ho blir sett ned.
– Vi trur ikkje på eit krakk. Vi har hatt nokre rundar internt og komme til at det ikkje ser så ille ut som magekjensla kanskje skulle seie, seier Berg.
Publisert: 27.01.2023 07:40
Sist oppdatert: 27.01.2023 07:42