Kort fortalt

SSB spår investeringsvekst på 4,2 prosent

Olje og gass vil vere drivaren, ifølgje anslag.

20.02.2020
(NPK-NTB): Anslag for 2020 antydar ein samla investeringsvekst på 4,2 prosent innanfor olje og gass, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.
Investeringar innanfor olje og gass skal vere pådrivaren til auken, viser tal .
Industrien ventar på si side ein klar investeringsnedgang i 2020 og bidreg dermed til å dempe den totale investeringsveksten.
Samla investeringar innanfor olje og gass, industri, bergverksdrift og kraftforsyning i 2019 var heile 15 prosent høgare enn i 2018.
Tala for 2019 viser at samla investeringar innanfor olje og gass, industri, bergverksdrift og kraftforsyning utgjorde 249,7 milliardar kroner.
Den kraftige oppgangen kan i stor grad knytast til auka investeringar i olje- og gassnæringa, men eit svært høgt investeringsnivå innanfor industrien bidrog òg positivt.
(©NPK)

Publisert: 20.02.2020 09:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30