Kort fortalt

Stabil kvalbestand

Rundt 600.000 kvalar i hav nært Noreg.

15.01.2021
NPK-NTB: Ifølgje nye utrekningar er det om lag 600.000 kvalar i Nordaust-Atlanteren, som inkluderer Nordsjøen, Norskehavet, Jan Mayen-området og Barentshavet.
Analysen omhandlar kvalteljingane som vart gjennomførte frå 2014 til 2018, opplyser . Også områda rundt Svalbard, aust for Grønland og nord for Færøyane er inkluderte.
– Vi ser at talet på dyr har vore relativt stabilt for alle kvalartane over ein lang periode, seier forskar Nils Øien.
– Det er sjølvsagt ein del uvisse i utrekningane, så derfor legg vi òg inn eit usikkerheitsestimat, seier forskaren.

Publisert: 15.01.2021 11:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23