Kort fortalt

Stabile permitteringstal

50.000 varsla permitteringar og oppseiingar i fjor.

24.01.2017
NPK-NTB: Nav fekk varsel om moglege permitteringar og oppseiingar av til saman 50.000 personar i 2016. Det er 400 fleire enn i 2015.
Dermed held nivået seg relativt stabilt, mens det var ei dobling frå 2014 til 2015.
– Det totale talet på varsel i 2016 var på nivå med 2015. Vi ser ikkje lenger den drastiske stigande tendensen som i året før. At det ikkje er ein markant auke av bedrifter som varslar oppseiingar eller permitteringar, kan tyde på ei positiv utvikling i arbeidsmarknaden i 2017, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.
Nesten 17.500 av varsla oppseiingar og permitteringar i 2016 kom frå industrien. Dette har sterk samanheng med nedgangen i oljeindustrien. Talet på varsel frå industrien var likevel lågare enn i 2015. Innan kategoriane bergverksdrift og utvinning og forretningsmessig tenesteyting var det derimot ein auke. Den einaste næringa utan nokon varsel var undervisning.
Rogaland er fylket med flest varsel i 2016, med 17.000. Det er også her ein finn den største auken, med 2.300 fleire varsel.
Det er berre bedrifter som planlegg å seie opp eller permittere minst 10 tilsette, som må varsle om det. Og sjølv om ein arbeidsgivar varslar om moglege oppseiingar eller permitteringar, er det ikkje sikkert at varsla resulterer i oppseiingar eller permitteringar, påpeikar Nav.

Publisert: 24.01.2017 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42