Kort fortalt

Staten håver inn ekstra på alkohol

Kan tene nesten 5 milliardar meir enn venta.

19.10.2020
(NPK-NTB): Alkoholpengane renn inn i statskassa fordi taxfree og svenskehandel nesten har stansa opp på grunn av koronakrisa
Vinmonopolet reknar med å sende 4,1 milliardar kroner meir enn anteke i alkoholavgifter til staten.
Bryggjerinæringa har gjort eit anslag for Aftenposten og trur talet for ølsalet vil gi 646 millionar meir i alkoholavgifter. Dermed kan koronastengde grenser i 2020 gi nærare 4,8 milliardar kroner meir i avgiftsinntekter til staten.
Likevel legg regjeringa opp til at vi harryhandlar som før allereie neste år, skriv Aftenposten måndag.
Finansminister Jan Tore Sanner (H) trur på ein vaksine og at reiserestriksjonane blir oppheva. Trua er så sterk at han meiner staten vil få inn mindre inn i alkoholavgifter i 2021 enn i det siste normalåret, 2019. Det viser tal i statsbudsjettet for neste år.
Generalsekretær Ingunn Jordheim i Foreininga til vin- og brennevinsleverandørane (VBF) meiner at Finansdepartementet underrapporterer kva inntekter staten får som følgje av koronatiltaka.
– Dei bommar med eit par milliardar kroner, meiner ho.
Informasjonsavdelinga til finansdepartementet seier i ein e-post til Aftenposten at det er ein «større usikkerhet enn vanlig ved anslaget for avgift på alkohol for 2021».
(©NPK)

Publisert: 19.10.2020 11:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24