Kort fortalt

Stenger alle skular i Ålesund

Også fleire kommunar har heimeundervsining.

Marius Rosbach
12.03.2020
Ålesund kommune stenger alle skular fram til påske grunna faren for smittespreiing. Stenginga gjeld barne- og ungdomsskolar – private og kommunale, alle vidaregåande skolar i Ålesund kommune og kulturskolar i kommunen. Dette gjeld også SFO.
– Kommunen er klar over at dette vil føre til utfordringar i mange familiar. I den grad foreldre/føresette må vere heime med barn, vil kommunen oppmode om at den som arbeider i helsevesenet eller har samfunnskritiske oppgåver, prioriterer å gå på jobb, heiter det i ei melding frå kommunen torsdag.
Når det gjeld stenging av barnehagar, avventar Ålesund kommune råd frå sentrale myndigheiter.
Også fleire andre kommunar gjer tiltak i skulane. har heimeundervisning måndag og fredag. I Volda skal elevar frå 5. til 10. klasse vere heime desse dagane - og foreldre blir også oppmoda om å halde yngre barn heime om dei kan, melder .
Ålesund kommune har oppretta informasjonstelefon (tlf. 70 16 40 60)

for innbyggjarar som har spørsmål knytt til koronasmitte. Telefonen er ope fra klokka 12-20 torsdag og klokka 8-20 fredag.
Sjå oppdatert informasjon på til kommunen.

Publisert: 12.03.2020 12:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29