NPK-NTB: Fredag stengde alle trafikkstasjonar i landet dørene. I første omgang til og med 26. mars, opplyser Statens vegvesen.
Det betyr at alle førarprøvar og teoriprøvar er avlyste.
I tillegg er dei digitale tenestene til etaten nede over helga. Frå måndag vil det igjen vere mogleg å sende salsmeldingar, betale omregistreringsavgift eller omregistrere køyretøy på nettet.
– Vi beklagar ulempene dette medfører, men håper på forståing for at vi må gjere tiltak i denne ekstreme situasjonen vi no er i, seier direktør Bodil Rønning Dreyer i Statens vegvesen.

Publisert: 13.03.2020 19:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29