NPK-NTB: Hungeren til nordmenn etter å komme seg ut har resultert i ein solid vekst for sportsbransjen i tredje kvartal.
Veksten var på 15 prosent i månadene juli, august og september. Det er noko svakare enn dei tre tidlegare månadene, men i kroner er veksten høgare, skriv .
Omsetninga av sportsutstyr auka med 525 millionar kroner i tredje kvartal frå same tid i fjor. Tala er henta inn frå sportskjedene, og den samla auken er dermed høgare.
– Sommaren har vore vanvittig sterk, og det er ingen tvil om at nordmenn finn trøyst i å vere i aktivitet, seier leiar i Norsk Sportsbransjeforening, Trond Evald Hansen.
Det er særleg salet av syklar som bidreg til omsetningsveksten. Bransjen meiner auken er driven av oppmodinga om å unngå kollektivtrafikk på grunn av smittefaren.
Sportsbransjen anslår at nordmenn har kjøpt 400.000 syklar, og salet av elsyklar peikar ut seg. Det har teke seg opp 50 prosent frå same tid i fjor.
Hansen åtvarar om å sjå seg blind på dei gode salstala.
– Bransjen er ikkje heilt friskmeld enno, i alle fall ikkje når det gjeld lønsemd. Spesielt vinterleverandørane treng ein vinter med kulde og snø, for det er framleis ein del ski og vintervarer på lager som mange treng å få selt.

Publisert: 10.11.2020 08:01
Sist oppdatert: 07.04.2021 19:17