Kort fortalt

Stoppar ferjebillettering

Skiltlesing kan erstatte manuell billettering.

15.03.2020
For å hindre smittespreiing har Møre og Romsdal fylkeskommune bestemt at billettørane ikkje skal ta manuell betaling på fylkesvegferjene fram til og med 22. mars.
Det er starta eit arbeid for å finne alternative løysingar på billettering med innføring så snart som mogleg. På fylkesvegferjene i Møre og Romsdal er det pr. i dag mest aktuelt med ei løysing med automatisk skiltlesing, skriv fylket i ei pressemelding.

Publisert: 15.03.2020 18:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29