NPK-NTB-AFP: Vaksineprodusenten Moderna melder måndag at vaksinen deira skal vere effektiv mot både den britiske og den sørafrikanske virusmutasjonen, ifølgje studie.
Den siste tida har virusmutasjonar frå Storbritannia og Sør-Afrika som er meir smittsame, skapt bekymring i verdssamfunnet.
Ein studie viser ingen signifikante endringar i nivået av antistoff i møte med den britiske varianten. Ein betydeleg reduksjon i antistoff vart observerte i møte med den sørafrikanske varianten, men nivået er rekna for å vere over det som er nødvendig for vern mot covid-19.
– Vi er begeistra over desse nye dataa, som forsterkar tryggleiken vår på at covid-19-vaksinen til Moderna skal vere vernande mot desse nyoppdaga variantane, seier Moderna-sjef Stephane Bancel.
Likevel utviklar selskapet ei ny utgåve av vaksinen som kan bli brukt som ein forsterkar.
– Vi gjer det i dag for å vere før kurven dersom det skulle vere nødvendig, seier Modernas sjefmedisinar Tal Zaks, ifølgje .
I studien tok selskapet blodprøver frå personar som har fått to dosar av vaksinen og to apar som også var immuniserte. Den er ikkje analysert av det breiare vitskaplege samfunnet enno.

Publisert: 26.01.2021 08:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23