Kort fortalt

Stor helseundersøking i Møre og Romsdal

56.000 personar skal delta.

27.01.2021
NPK: For først gong skal helsa til innbyggjarane i Møre og Romsdal under lupa i ei større undersøking i eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Folkehelseinstituttet.
1. februar vil 56.000 utvalde personar over 18 år få invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga på sms og E-post.
Fylkesordførar Tove-Lise Torve seier at dei ynskjer å vite meir om korleis det er å bu og leve i Møre og Romsdal.
– Ved å delta i undersøkinga får innbyggjarane seie noko om korleis dei sjølve opplever kvardagen sin. Kunnskapen skal vi bruke når vi skal prioritere og leggje planar for framtida, både lokalt og for heile regionen.
Ho meiner god helse og god livskvalitet er ein viktig føresetnad for ei berekraftig utvikling i Møre og Romsdal.
Undersøkinga er digital og vil vare i to veker. Spørsmåla vil handle om oppvekst og levekår, livskvalitet, nærmiljø, sosialt miljø fysisk aktivitet, ernæring og helse.
I tillegg vil dei utvalde også få nokre spørsmål om korona, som fylkeskommunen håpar skal bli til hjelp i arbeidet med å vaksinere innbyggjarane.

Publisert: 27.01.2021 17:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23