(NPK): Norske selskap er svært interesserte i å produsera laks på land, viser rapport.
har kartlagt aktørar som har planar om landbasert lakseoppdrett i inn- og utland. 30 prosent av dei 85 prosjekta dei har funne fram til, er i Noreg. Dei norske aktørane har som mål å produsera nesten 650.000 tonn laks på land åleine, medan den samla ambisjonen for landbasert lakseoppdrett på verdsbasis er på nesten 1,7 millionar kroner.
– Tek vi med prosjekt der norske verksemder på ein eller annan måte er involvert, utgjer desse godt over ein million tonn åleine, skriv bladet.
Analytikarar har likevel delte meiningar om realismen i planane.
– Vi trur at oppdrett på land vil veksa kraftig i åra framover, seier analytikar Carl-Emil Kjølås Johannessen i analyseselskapet Pareto Securties til
Analysesjef Ragnar Nystøyl i Kontali Analyse i Kristiansund er derimot meir skeptisk.
– Det er framleis ikkje bevist at det er teknisk og biologisk mogleg å produsera laks på land i stor skala på ein god måte. Det er litt for tidleg å konkludera med at det er eit paradigmeskifte, seier han.
(©NPK)

Publisert: 25.09.2020 07:57
Sist oppdatert: 07.04.2021 17:02