NPK-Margunn Sundfjord: Rundt 40 prosent av reiselivsbedriftene til NHO Reiseliv i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal meiner det er ein reell fare for at dei kjem til å konkurs på grunn av koronapandemien, viser ei fersk undersøking.
Tala kjem fram i ei undersøking NHO Reiseliv har utført i perioden 3.–7. januar i år. Konkursfrykta er om lag like stor blant reiselivsbedriftene i alle dei tre vestlandsfylka. Det vil med andre ord seia at rundt to av fem reiselivsbedrifter på Vestlandet fryktar dei ikkje vil greia seg.
Undersøkinga viser også at mange av reiselivsbedriftene manglar pengar til å betala rekningar som forfell til betaling om kort tid og at mange har planar om oppseiingar som følgje av koronaviruset.
Fungerande regiondirektør Grete Karin Berg for Næringslivets Hovedorganisasjon Vestlandet meiner tala er urovekkjande.
– At så mange av bedriftene vurderer at det er reell risiko for at bedrifta deira kjem til å konkurs, er urovekkjande, seier ho.
Ho peikar samtidig på at 62 prosent av reiselivsbedriftene i Vestland fylke svarar at dei ikkje trur dei kjem til å gå konkurs.
Undersøkinga sett under eitt er likevel ikkje hyggjeleg lesnad, meiner regiondirektøren. Ho synest undersøkinga har mange dystre tal.
– Det er eit mørkt bilete for reiselivet i Vestland, summerer ho.
Regiondirektøren meiner tala er ekstra alvorlege for Vestland fylke sidan reiselivsnæringa er ei stor og viktig næring for mange.
– Svært mange kommunar og tilsette i Vestland lever av reiseliv. For nokre kommunar er reiselivsnæringa sjølve hjørnesteinen i samfunnet. I slike kommunar er denne tida ekstra urovekkjande, seier ho.
Etter dei siste innstrammingane på nyåret, har situasjonen ifylgje Berg blitt endå verre for ein god del bedrifter.
– For mange betyr skjenkestoppen som blei innført søndag, full nedstenging og ytterlegare perimitteringar, seier ho.
Ho meiner det er svært viktig at NHO arbeider for å demma opp for dei negative konsekvensane av tiltaka.
– Det at regjeringa har utvida kompensasjonsordninga, er positivt, men det er for kortsiktig. Kompensasjonen må vara så lenge regjeringa held fram å innfører smitteverntiltak, seier regionsjefen.
Regionsjef for NHO Møre og Romsdal, Espen Remme, deler uroa til kollegaen sin i Vestland.
– Vi er alvorleg bekymra for at ei næring som allereie er i kneståande, no har fått ytterlegare utfordringar, seier Remme.
Han viser mellom anna til at mange av reiselivsbedriftene i Møre og Romsdal slit med omsetnaden og bestillingar som blir kansellerte.
For at reiselivsbedriftene i fylket skal greia å halda hjula i gang, meiner han det er svært viktig å forlengja og styrkja tiltak som støttar opp om dette.
Kostnader knytt til permisjonar og andre ordningar som kan letta børa for arbeidsgjevar, er tilhøve NHO har sett på etter dei siste innstrammingane frå regjeringa.
– Vi er opptekne av at elles sunne bedrifter skal kunna halda seg gåande til aktiviteten og reiselivstrafikken tek seg opp igjen, seier Remme.

Publisert: 08.01.2021 18:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23