Kort fortalt

Stor kvinnemangel i verftsstyra

11 av 17 verft blei leia av berre menn.

NPK
01.08.2023

(NPK): Av 89 styremedlemmer i dei 17 største skipsverfta i Noreg er det berre åtte kvinner. Ulstein Group er det einaste verftet som fyller dei nye likestillingskrava.

For ein månad sidan foreslo regjeringa strengare krav til likestilling i styre i selskap som omset for over 100 millionar kroner. Ein gjennomgang Kystens Næringsliv har gjort av dei 17 største skipsverfta i landet, viser at eigarane no må ut å leite etter nye styremedlemmer, skriv Fiskeribladet.

Av dei 17 undersøkte selskapa er det berre seks som har kvinner i styra. I Ulstein Group er to av fem kvinner i styret. Også Myklebust verft har to kvinner i styret, men dei utgjer berre rundt 29 prosent av dei sju styremedlemmene.

Sissel Jensen, NHH-professor, seier til Fiskeribladet at ho trur det kan bli meir utfordrande å finne nok kvalifiserte personar til alle dei nye styra:

– Ikkje fordi dei ikkje finst, men ein finn dei kanskje ikkje i like stor grad som menn der ein vanlegvis leitar. Det vil seie i dei øvre sjikta i næringslivet.

(©NPK)

Publisert: 01.08.2023 10:53

Sist oppdatert: 01.08.2023 10:53

Mer om