Vi ha fleire kvinner i styra
Vestre vil krevje 40 prosent kvinner i styra i store og mellomstore bedrifter.
NPK/NTB: – Noreg blir det første landet i verda som tek dette steget. Det synest eg vi skal vere stolte av, sa Vestre då han måndag la fram lovforslaget til regjeringa om betre kjønnsbalanse i styre.
Både LO og NHO stiller seg bak forslaget, som vart sendt på høyring før jul i fjor.
– Næringslivet er veldig oppteken av likestilling og mangfald. Vi har erkjent at det går for seint. Derfor har vi vore med på desse samtalane og utarbeidd ei løysing vi synest er bra, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid til VG.
Blir fasa inn frå neste år
Som venta stiller regjeringa krav om 40 prosent av kvart kjønn i styra i mellomstore og store selskap.
Dei nye reglane skal fasast inn allereie neste år og vil omfatte cirka 8.000 selskap. I første omgang gjeld det selskap med meir enn 100 millionar kroner i samla drifts- og finansinntekter.
Deretter vil reglane utvidast årleg fram til 2028 og vil til slutt gjelde om lag 20.000 selskap, skriv regjeringa i ei pressemelding.
I dag er det slike krav i allmennaksjeselskap (ASA) og i dei fleste offentleg eigde selskap. No blir det stilt krav om kvinnedel i styre også i større aksjeselskap, ansvarlege selskap, samvirkeføretak, stiftingar og bustadbyggjelag.
Håpar på breitt fleirtal i Stortinget
Vestre viser til at berre to av ti styreverv i dag blir dekte av kvinner.
– I 2023 er det framleis for store forskjellar i norske styrerom, seier Vestre.
– Dette har vi snakka om i Noreg i lang tid, men vi ser dessverre at utviklinga går for sakte.
Både Vestre og LO-leiar Peggy Hessen Følsvik håpar på breiast mogleg fleirtal i Stortinget for forslaget,
– Vi skulle gjerne skrudd endå litt hardare til, men det aller viktigaste er at vi får ei brei semje og ei brei politisk semje. Dette er ikkje eit område vi er tente med å få omkampar på, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik til VG.
Frp: – Byråkratiserer
Dei kan ikkje rekne med Frps støtte.
– Igjen kjem regjeringa med forslag som byråkratiserer og som gjer livet vanskelegare for næringslivet, seier næringspolitisk talsperson for Frp Sivert Bjørnstad.
Han seier Frp er samde i målet om at fleire kvinner bør bli styremedlemmer, men sterkt usamde i verkemiddelet.
Høgre meiner på si side tida er inne for å stille tydelegare krav om kjønnsbalanse i styre, seier næringspolitisk talsperson Linda Hofstad Helleland. Ho varslar at Høye vil ta endeleg stilling til regjeringsforslaget når det skal behandlast i Stortinget.
– Vi er opptekne av at bedriftene dette gjeld skal vere av ein viss storleik når det gjeld omsetning og talet på tilsette, slik at det blir eit realistisk krav for å oppnå betre mangfald. Det er samtidig positivt på at både LO og NHO støttar forslaget, seier Helleland.
Meiner regjeringa går for langt
SMB Norge, interesseorganisasjonen for små og mellomstore bedrifter, er ikkje imponerte over regjeringsforslaget.
– Kven som skal sitje i eit styre er først og fremst eit spørsmål for eigaren eller eigarane. Vi meiner regjeringa, med støtte frå LO og NHO, går for langt i å blande seg inn i spørsmål dei burde halde seg langt unna, seier administrerande direktør Jørund H. Rytman.
Han meiner regjeringa i staden burde jobbe for å få fleire kvinnelege gründerar.
Rytman er likevel glad for at dei minste bedriftene er fritekne frå reglane i lovforslaget.
Publisert: 19.06.2023 12:00
Sist oppdatert: 19.06.2023 12:46