Kort fortalt

Stor makrell vandrar lengst

Gjenfangstdata frå merkeforsøk viser at makrellen tek nye vegar og dreg lenger etter kvart som han blir eldre og større.

NPK
22.11.2022

Det skriv Havforskingsinstituttet (HI).

Dei har ein lang tradisjon med årleg merking av makrell i gyteperioden i området rundt Irland og Skottland. Data frå merkeforsøka frå 1980 til i dag blir framleis brukte som grunnlag for bestandsvurdering og kvoteråd på makrell. Frå 2014 blei overvakinga lettare grunna teknologisk utvikling.

– Innføringa av den nye teknologien og internasjonalt samarbeid frå 2014 av var ein liten revolusjon, seier Aril Slotte, ansvarleg forskar for merkeforsøka.

Det førte til ein formidabel auke av gjenfangstar over ein lengre periode av året og med større geografisk utbreiing.

Som ein del av prosjektet «SIS-høsting» har forskarar frå HI og kollegaer frå Island, Færøyane og Skottland sett nærare på betydninga av storleiken og veksten til makrellen for dei årlege vandringssyklusane til fisken mellom gyte-, beite- og overvintringsområde. Resultata frå studien er nyleg publiserte i «Frontiers in Marine Science».

– Konklusjonen vår er at storleiken på fisken openbert har noko å seie, seier Slotte.

Havforskarane såg at den største makrellen vandra lengst vestover mot Island og Grønland, og lengst nordover mot Svalbard for å beite gjennom sommaren. Om hausten returnerte han til Shetlands-området for å overvintre på eit seinare tidspunkt enn den mindre makrellen.

Publisert: 22.11.2022 14:37

Sist oppdatert: 22.11.2022 14:38

Mer om