NPK-NTB: Fjoråret vart det verste lakserømmingsåret på åtte år for oppdrettsbransjen, melder NRK.
Til saman vart det meldt inn 49 tilfelle av rømming ved norske oppdrettsanlegg i fjor. Totalt slapp om lag 290.000 laksar og 2.000 regnbogeaure unna.
– Vi liker ikkje at delen rømmingar går opp. Kvar og ei rømming er ei rømming for mykje, seier kyst- og havbruksdirektør Øyvind Lie i Fiskeridirektoratet til kanalen.
Norges Jeger- og Fiskerforbund anslår at talet på rømte laks var meir enn halvparten av all villaksen i Noreg.
Fiskeridirektoratet seier at dei fleste rømmingar skjer i samband med arbeidsoperasjonar på oppdrettsanlegga, spesielt avlusing.
Rømmingane har gradvis minka dei siste åra. I 2017 vart det innrapportert berre 17.000 rømde fisk.

Publisert: 07.01.2020 08:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31