(NPK-NTB): Innstrammingane i smittevern har ført til at aktiviteten i norske bedrifter har flata ut. Det gjeld spesielt bedrifter som sel til norske hushald.
Det viser den kvartalsvisa rapporten til Noregs Bank, Regionalt nettverk, der 300 bedriftsleiarar og organisasjonar blir intervjua om økonomiske utsikter.
– Bedriftene trur at aktiviteten vil vere uendra det neste halvåret, men dei er veldig usikre på utviklinga framover. Mykje vil avhenge av smittetala og gjeldande smitteverntiltak i samfunnet, heiter det i rapporten,
Den svake oppgangen i sysselsetjinga vi har sett, kan bli ein forbigåande trend. Bedriftene trur dei vil få ein liten nedgang i sysselsetjinga dei neste tre månadene.
(©NPK)

Publisert: 08.12.2020 14:12
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:23