Kort fortalt

Store krav etter Naval Consult-konkurs

Troms-reiarlag med erstatningskrav.

10.10.2022

Reiarlaget Granli Fiskeri i Nord-Lenangen i Troms har fremma eit erstatningskrav på 5,1 millionar kroner etter konkursen i Naval Consult. Det går fram av bustyrar sin rapport, skriv Sunnmørsposten.

Kravet er det største i buet etter skipsdesignselskapet i Raudeberg. Dei samla krava er førebels på nær åtte millioner, men det vil kome fleire.

Selskapet blei slått konkurs fordi dei skulda knappe 580.000 kroner i meirverdiavgift.

Tidlegare sjef og medeigar Erlend Hagen fortalde nyleg til NETT NO at han meinte storleiken på kravet ikkje sto i stil med konsekvensen av konkursen. Etter at konkursen var eit faktum har Hagen arbeidd for å etablere nye verksemd.

Publisert: 10.10.2022 11:07

Sist oppdatert: 10.10.2022 11:09

Mer om