Kort fortalt

Store planar for Statt torsk

Hentar inn 100 milionar kroner.

06.11.2020
NPK: Oppdrettsnæringa er byrja tru på at torskeoppdrett kan gi eit nytt eventyr langs kysten. For ti år sidan gjekk det gale, men no er det optimisme.
Ein av aktørane som satsar stort på torskeoppdrett er Statt torsk i Vanylvsfjorden.
– Dette er supergøy. Det har tatt mange år kome hit, men vi trur dette er det neste oppdrettseventyret, seier administrerande direktør i Statt torsk, Gustav Brun-Lie til
Statt torsk har lagt nesten 40 millionar kroner i anlegget sitt i Vanylvsfjorden, og jobbar med å hente inn 100 millionar kroner til nytt anlegg. Dei håpar å produsere 3.000 tonn i 2022, og 9.000 tonn i 2025.
Norcod i Trøndelag satsar langt større igjen. Dei gjekk inn med 250 millionar kroner på Oslo Børs i oktober. Dei reknar med å slakte første avling på heile 6.500 tonn til våren, skriv .
Oppdrett av torsk har no kome mykje lenger enn den for ti år sidan.
– Før var torsken kjent som havets Houdini. No har den slutta å prøve å rømme, veks betre og er godt tilpassa eit liv i oppdrett, seier Øyvind Johannes Hansen ved Nofima. Han leier Nasjonalt avlsprogram for torsk.
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen synest det er spennande at ein har kome fram til ein fisk som taklar oppdrett, og at fleire no satsar.
– Dette er rett og slett kjempeflott. Det er satsa betydelege midlar på å avle fram denne torsken, og no ser det veldig lovande ut for at dette kan vekse framover, seier han til NRK.

Publisert: 06.11.2020 17:18

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:11