Kort fortalt

Stort potensial for tare-produksjon

Spår tjuedobling av produksjonen.

25.04.2016
(NPK): Fleire lakseprodusentar prøver no ut samproduksjon av algar og laks. Noreg kan dei neste 25 åra tjuedoble produksjonen av tang og tare, meiner forskarar.
Gjødsla frå lakseoppdrettet kan i integrert multitrofisk akvakultur (imta) utnyttast som næring i produksjon av tang og tare, som igjen er brukande til både menneskemat, fiskefôr og fornybar energi.
Ifølgje rapporten «Verdiskaping basert på produktive hav i 2050» har Noreg potensial til å produsere 20 millionar tonn tang og tare i 2050, seier forskingsleiar Aleksander Handå i Sintef Fiskeri og havbruk til Nationen.
– Halvparten kan produserast i oppdrettsintensive område, seier han til avisa.
Handå peikar på at algeproduksjon kan vere gunstig i kombinasjon med lakseoppdrett samtidig som det reduserer miljøbelastninga og gir betre utnytting av kapasiteten for biomasseproduksjon innanfor område som er sett av til havbruksnæring. Og ein mykje større del av fôrråstoffet kan dyrkast i havet i staden for på land.
– Tare fangar CO2 og kan binde store mengder nitrogen og fosfor. Opptak av næringssalt er naturleg nok størst nær oppdrettsanlegget. Sjølv om plantene ikkje veks like raskt lenger unna oppdrettsanlegga, vil dei stå for eit betydeleg positivt opptak av næringssalt der òg, seier Handå. (©NPK)

Publisert: 25.04.2016 13:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46