NPK: Ei omlegging til elektriske bilar vil ha lite å seia for straumprisane, viser fersk rapport.
Det fortel som saman Frischsenteret står bak rapporten.
Dei konkluderer med at elektrifiseringa av personbilparken slik styresmaktene legg opp til, berre vil krevja 3,6 prosent av straumforbruket i 2030.
I rapporten har dei sett nærmare på fleire scenario. Konklusjonen om at elektrifiseringa av bilparken om ti år berre vil krevja 3,6 prosent av straumforbruket, byggjer på målsetjingane i nasjonalbudsjettet for 2019. Der er det lagt opp til at 75 prosent av alle nye personbilar i 2030 skal vera elektriske, medan 25 prosent skal vera ladbare hybridar.
Ein av dei andre modellane tek utgangspunkt i Nasjonal transportplan 2018–2019 og legg opp til at alle personbilar skal vera nullutsleppsbilar frå og med 2025.
I denne modellen blir det samtidig teke høgd for dyrare CO2-kvotar og høgare straumprisar som følgje av innstrammingar i klimapolitikken frå EU. El-billadinga med denne modellen vil likevel berre utgjera eit snitt på 4,2 prosent av straumforbruket, heiter det.
Forskarane har også sett på korleis vêret vinterstid kan påverka både kraftmarknaden og ladebehovet for elbilar, men konkluderer med at den norske kraftmarknaden i hovudsak er robust til å takla dei utfordringane som lading av elbilar i Noreg inneber.
– Det er nok kapasitet i norsk kraftproduksjon, internasjonal transmisjon og transmisjon mellom norske prisområde til at etterspurnaden etter straum til landing kan tilfredsstillast utan store prisverknader, heiter det.

Publisert: 06.11.2020 17:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24