Kort fortalt

Straumstøtte kan koste 41 mrd. i år

Nye tal frå Finansdepartementet.

19.08.2022
(NPK-NTB-Anders R. Christensen): Nye berekningar frå Finansdepartementet viser at staten vil bruke 40,7 milliardar kroner på straumstøtte i 2022. Det er 18 milliardar meir enn dei trudde i mai.

− Dette viser at regjeringa har møtt straumkrisa med sterke tiltak. Det har vore heilt nødvendig å hjelpe folk med straumrekninga, seier finanspolitisk talsperson Geir Pollestad i Senterpartiet til NTB.

Fredag svarte Finansdepartementet på eit skriftleg spørsmål frå Pollestad om kor mykje staten ventar å bruke på alle tiltak mot høge straumprisar.

I mai anslo Finansdepartementet at tiltaka ville koste 22,8 milliardar kroner i år, men måndag denne veka kom regjeringa med nye tiltak etter at straumprisen har auka kraftig gjennom sommaren. Tiltaka inneber mellom anna at straumstøtte til hushalda blir auka og blir påskunda, slik at staten frå 1. september vil staten dekkje 90 prosent når gjennomsnittsprisen går over 70 øre kilowattimen.

Dermed ligg anslaget for straumtiltaka no på 40,7 milliardar kroner i år.

Hushalda får 35 milliardar i støtte
Den største enkeltposten er straumstøtta til hushald og burettslag, som no er berekna til å koste 34,8 milliardar kroner. Redusert elavgift står for 2,6 milliardar kroner, og auka bustøtte står for 1,5 milliardar kroner. I tillegg kjem ein del andre tiltak som til saman kostar 1,8 milliardar kroner.

Pollestad meiner den norske fellesskapstankegangen i eigarskapspolitikken er det som har gjort ei så kraftig støtte mogleg.

− Støtta er heilt nødvendig for folk og er mogleg på grunn av ein politikk som gjer at ein stor del av inntektene frå kraftproduksjon fell til fellesskapet og kan førast tilbake til folk. Det ville ikkje vore mogleg om vasskrafta var privatisert, seier han.

– Held fram så lenge prisane er høge
Sjølv om Sp-politikaren meiner tiltaket til regjeringa har vore nødvendig, vil han unngå nye slike situasjonar.

− Støtta vil halde fram så lenge prisane er høge. I tillegg til dei 40 milliardane vil det komme ei ordning for næringslivet, og dessutan at vi avgrensar eksporten når magasinfyllinga er låg. Vel så viktig som støtta er dei varige tiltaka vi jobbar med for å endre systemet og å styre marknaden slik at vi unngår denne typen situasjonar i framtida, seier Pollestad.

(©NPK)

Publisert: 19.08.2022 11:11

Sist oppdatert: 19.08.2022 11:12

Mer om