Kort fortalt

Strid om «hausting» til havs

No blir det konkurranse om nytt ord.

NPK
22.01.2022

(NPK–Bent Tandstad) Mange reagerte på at Fiskeridepartementet lanserte ordet «hausting» som eit fellesnamn på fiske og fangst til havs. No ber fiskeriministeren om hjelp til å finne eit betre ord.

Det kom sterke reaksjonar på at haustingsforskrifta erstatta fiskeforskrifta frå nyttår.

Fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) har teke kritikken innover seg, og no ber han vanlege folk sende inn sine forslag til eit ord som kan erstatte hausting. Han har utsett handhevinga av lova til 1. mars, slik at han no har nesten to månader til å gå gjennom språket i lovteksten.

– Eg har lyst ut ein konkurranse gjennom Fiskeribladet, der eg har sagt at dei som har betre namn på forskrifta, dei skal eg lytte nøye til. Så har vi starta eit arbeid der vi skal gå gjennom forskrifta for å sjå på språkbruken, seier Skjæran til NRK Nordland.

Erik Jenssen, journalist i Kyst og Fjord, møtte nyleg fiskeriminister Bjørnar Skjæran til debatt i Dagsnytt 18 på NRK. Jensen er sterkt kritisk til språkendringa, og han kallar det jåleri.

– Det jålete med det er at ein trengjer vekk realitetane ved å bruke andre ord på dei tinga vi held på med, og fjernar oss litt frå den brutale handlinga som fiske og fangst eigentleg er, sa han i debatten.

Han meiner språkbruken gjer at forankringa vi har til handlinga fiske og fangst blir borte. Det er eit faktum at vi tek livet av dyr for mat. Dette er vesen av kjøt og blod som vi respekterer og er glade i, sjølv om vi tek livet av dei, meiner han.

Han likar heller ikkje det kjønnslause ordet biomasse i språket frå Havbruksnæringa, som han meiner gjer at vi blir endå fjernare frå røyndomen.

– Det blir ein del av trenden om at folk gjerne vil ha eit stykke kjøt på tallerkenen, men ikkje vil vite kvar det kjem frå, seier han til NRK.

Fiskeriminister Bjørnar Skjæran forklarar at då departementet tok avgjerda om å setje forskrifta i kraft, var det ingen fokus på språk.

Lars Ivar Nordal i Språkrådet seier til Nynorsk pressekontor at dei ikkje har store innvendingar mot bruken av ordet hausting i denne samanhengen.

– Sannsynlegvis har departementet hatt behov for å finne eit samleomgrep for dette feltet, og det ser ut til at dei har innført hausting. Det er ikkje snakk om å erstatte bruken av fiske eller fangst, men å finne eit samleomgrep, seier Nordal.

- Når det er snakk om fiske og fangst bør ein i størst mogleg grad bruke desse orda. Difor forstår vi at folk kan reagere når hauste blir brukt på denne måten, legg han til.

Publisert: 22.01.2022 08:44

Sist oppdatert: 22.01.2022 08:48