Mest lest 2025 kollage geirangerfjord rev ocean os kriken foto
PÅ PALLEN: Dei tre Nett No-sakene som hadde flest lesarar i 2025 er nyheita om at Geiranger Fjordservice tek over Brødrene Aa-båt (nede t.v.), at ein leverandør til Rev Ocean (oppe t.v.) gjekk konkurs og intervjuet med Ørsta-gründer Olav Sindre Kriken. Illustrasjon/foto: Brødrene Aa/Marius Rosbach
Nytt

Mest lest på Nett No i 2025

Sjekk kven som kom inn på topp 15-lista i år. Sakene er ope for alle.

Marius Rosbach
31.12.2025

Båtar og eit arbeidsliv til sjøs er utgangspunktet for om lag halvparten av sakene på topp 15-lista over dei meste leste Nett No-sakene i 2025. 

Det er heilt naturleg for ei næringslivsavis som i hovudsak dekker Nordvestlandet. 

Rekneskapstala som blei presentert i årets Nett No-magasin viser kor mykje det utgjer for regionen når den maritime industrien får eit oppsving. 

  • Sjå årets mest leste saker under (alle er ope for ikkje-abonnentar)

Skatt er óg eit tema som går igjen i fleire saker – også i det einaste Synspunktet på topplista: Olaug Strand Brunstad sitt opne brev til finansminister Jens Stoltenberg kom inn på 9. plass

Alle synspunkt på NETT NO blir lagt ut ope, slik at også dei som ikkje er abonnentar kan lese.

1. plass over dei meste leste sakene på Nett No i 2025 er nyheita om at Geiranger Fjordservice sikra seg ein av båtane Norled opphavleg bestilte frå Brødrene Aa. 

Hurtigbåtverftet gjekk konkurs i vår, etter at Norled kansellerte kontrakten på tre båtar. 

Meldinga var ein av dei første handfaste bevisa på at hjørnesteinsbedrifta var sikra vidare drift. I løpet av 2025 har dei tidlegare eigarane starta opp at produksjonen både i Eikefjord og Hyen. 

2. plass over dei mest leste sakene på Nett No i år er konkursen hos Rev Ocean-leverandøren Oceantec i Ulstein. 

Ulstein-selskapet hadde spesialisert seg på å levere overflatebelegg som mellom anna skulle i symjebassenget og helikopterdekket på Kjell Inge Røkkes superskip. 

Det kombinerte forskingsskipet og yachten til moldensaren blei som kjent fleire år forseinka – og leverandøren melde oppbod før skipet blei overlevert frå Vard

3. plassen for dei mest leste sakene på Nett No i 2025 er historia om Olav Sindre Kriken og partnarane sin skatteskvis. 

Ørsta-gründeren som mellom anna har fått Bill Gates på eigarsida rådde unge til å reise utanlands for å satse på business då han blei intervjua i februar. 

– Du kan heller bygge det du vil gjere globalt. Så kan du flytte heim og dele av det du har skapt på eit seinare tidspunkt, sa Kriken i intervjuet som kapra den siste pallplassen på Nett No si toppliste i år. 

Publisert: 31.12.2025 15:41

Sist oppdatert: 31.12.2025 15:44