NPK: Faglinja naturbruk i Måløy i Nordfjord opplever større interesse enn tidlegare. Dette er vegen ein kan gå for å bli fiskar eller om ein tenkjer å jobbe innan havbruksnæringa, skriv Fiskeribladet Fiskaren.
I fjor haust opplevde den vidaregåande skulen i Måløy ein auke i talet på elevar som søkte seg til linja naturbruk.
– Vi hadde fleire søkjarar enn vi hadde plass til. Det har ikkje skjedd før, fortel John Heimvik, rådgivar og faglærar ved naturbruk og akvakultur ved Måløy vidaregåande skule.
I alt tok dei inn 14 søkjarar til linja naturbruk, der du på andreåret kan velje om du vil gå fiske og fangst eller akvakultur.
Faglæraren trur at positiv omtale i media om betydeleg vekst og gode framtidsutsikter innan havbruk og fiskeri har medverka til større interesse for faga.
Elevane på naturbruk-linja får opplæring om bord på skulebåten «Skulebas», som er rigga for garn og autolinefisket. Der lærer elevane om fiskeri, navigasjon, sikkerheit og fangstbehandling.
– Dette er ein av dei viktigaste verkstadene på naturbruk og fartøyet er ute ni til ti veker i året. Dei som tenkjer seg oppdrett blir utplassert på moderne oppdrettsanlegg, fortel Heimvik, som ikkje har opplevd at nokon av elevane ikkje har fått seg læreplass dei 23 åra han har jobba ved skulen.

Publisert: 01.02.2017 10:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42