NPK: Ordføraren i Sula ber styresmaktene om å stramme inn reglane for båtar som kjem til hamn.
60 russiske fiskarar frå tre forskjellige båtar testa positivt på covid-19 medan dei låg til kai ved Fiskerstrand verft på Sunnmøre før jul. Vesle julaftan vart den siste russiske båten erklært smittefri. Om få dagar er det venta fem nye russiske skip for å utføre vedlikehald på verftet, og ordføraren fryktar ny smitte, skriv .
– Vi kan ikkje vere trygge på at båtane som kjem hit er smittefrie, seier ordførar Jim Arve Røssevoll (Ap) til kanalen. Han fryktar at smitte skal spreie seg til lokalbefolkninga, og meiner at det bør innførast obligatorisk testing av alle skip som kjem frå område med mykje smitte.
Kommuneoverlege Marianne Bjerkevåg meiner òg det hadde vore enklare med ei lov.
– Det hadde vore enklare med ein lovheimel slik at vi kunne teste mannskapet sjølv om det har gått over ti dagar sidan anløp frå hamn i raudt område, seier ho.
Ho meiner at regelen om 10 dagars karantene om bord i båtar ikkje held, fordi dei bur og arbeider trongt.
Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier at dei no ser på alle karantenereglane, men at det òg skal vere kapasitet i kommunen til å faktisk gjennomføre testinga.

Publisert: 29.12.2020 16:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23