Sulagondolen: Vil unngå rettssaker
Flakk Gruppen med tilbod til råka huseigarar.
Flakk Gruppen har lagt fram eit tilbod om kompensasjon til 14 husstandar som bur innafor 40-metersbeltet for den planlagde Sulagondolen.
Det melder Sulaposten.
Tilbodet går ut på at huseigarane får betalt 10 prosent meir enn marknadsverdien, om dei vil flytte. Dei som vil bli buande, får tilbod om ti prosent av takst som kompensasjon, pluss 200.000 kroner i eingongssum.
– Vårt mål med å gi eit tilbod ut over det vi forventar eit skjønn vil gi, og ut over det dei fleste fekk på Voss, er å unngå ein langvarig, kostbar rettsprosess med ekspropriasjon, skjønn og overskjønn. I staden for høge prosesskostnader ønsker vi frivillige avtalar med dei aktuelle bustadeigarane, seier prosjektleiar Terje Devold i Sula Gondol til avisa.
Ein føresetnad for tilbodet, er at alle huseigarane seier ja.
Publisert: 01.06.2023 09:50
Sist oppdatert: 01.06.2023 09:50