NTB p Jtuxna0dls
VOSS: Huseigarane på Voss har vunne fram i rettssystemet med krav om eigedomsrett over lufta over husa deira. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Nytt

Grunneigarar eig lufta over bustadhusa

Domen kan få konsekvensar for den planlagde Sulagondolen.

18.05.2022

(NPK-NTB-NETT NO) Lufta er ikkje for alle. Huseigarar har krav på erstatning når eigedomsretten over lufta blir krenkt, ifølgje Høgsterett.

Domen kan få konsekvensar for andre gondolprosjekt, som for den planlagde Sulagondolen.

I domen frå Høgsterett vert det slått fast at bygginga av den nye gondolbanen på Vossevangen krenkjer eigedomsretten til grunneigarane og dei har krav på erstatning.

Hovudtemaet i saka var om grunneigarar kan krevje eigedomsrett over lufta og i så fall kor høgt opp eigedomsretten strekkjer seg.

(saka held fram under)

Sulagondol illustrasjon snøhetta 22
SNART TIL BEHANDLING: Flakk Gruppen jobbar med planar om ein gondol på Sulafjellet. Eit forslag til reguleringsplan kjem truleg på bordet til Sula-politikarane før, eller etter sommarferien. Illustrasjon: Snøhetta
Elleve meter opp til gondolen

Då Voss Gondol for tre år sidan starta drifta av den nye, heilårlege gondolbanen opp til toppen av fjellet Hanguren på Vossevangen, fekk ei rekkje bustadeigarar gondoltrafikken rett over hustaka sine.

På det mest hektiske kan ein gondol passere kvart 42. sekund, følgje dommen frå Gulating lagmannsrett. På det lågaste er det snautt elleve meter frå gondolgolvet til takmønet.

Fem år gamal sak
Saka har versert i rettssystemet sidan 2017. Grunneigarane har vunne fram i både tingretten og lagmannsretten. No har dei også fått Høgsterett godkjentstempel på merknadene og krava sine om erstatning som følgje av ulempe og verdidegradering på eigedommane sine.

– Gondolbanen slik han er bygd, er ei varig og permanent plassert infrastrukturløysing av stort fysisk omfang som på det hyppigaste og i låg høgd passerer kvart 42. sekund over dei eigedommane og bustadhus som er ramma av skjønnet, skriv lagmannsretten i overskjønnet sitt.

- Ikkje uavgrensa eigedomsrett
Høgsterett har komme til at eigedomsretten oppover ikkje er uavgrensa, men at han strekkjer seg så langt opp som grunneigaren har ei rettmessig og sakleg interesse i å nekte aktivitet eller tiltak.

– I praksis inneber dette at det ikkje kan plasserast permanente innretningar innanfor dette området, utan at det ligg føre vedtak om ekspropriasjon eller er inngått avtale med grunneigaren, konkluderer Høgsterett.

Publisert: 18.05.2022 12:41

Sist oppdatert: 18.05.2022 15:02

Mer om