Oscar almgren 22 hygge foto marius
VEKSTÅR: Etter nokre tøffe år med koronapandemi som har dempa reiselysta til folk, fekk Oscar Almgren og Uteguiden god vekst i fjor. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Supervekst for Uteguiden

Aktivitetsselskapet tilbake i pluss med rekordår.

Marius Rosbach
16.08.2023

Uteguiden med hovudbase i Stranda hadde eit superår i fjor med ein vekst i inntektene på meir enn 45 prosent, viser årsmeldinga for 2022.

Omsetninga enda på over 17 millionar kroner – opp frå 9,5 millionar kroner i 2021 – som var det førre toppåret for inntektene i selskapet.

Snudde minus til pluss
Etter nokre tøffe år med underskott under koronapandemien, viser rekneskapen også overskot for første gong sidan 2018.

Resultat før skatt enda på ein dryg million kroner etter 2022.

Eigenkapitalen var på 1,5 millionar ved utløpet av året, og selskapet har ikkje langsiktig gjeld.

Uteguiden AS
Årsresultat (i mill kr)


2022
2021
Driftsinntekter
17,3
11,9
Driftsresultat
1,1
-0,2
Res. før skatt
1
-0,2

Venta god sommar i år
– Den beste sommaren nokon sinne, uttalte Uteguiden-sjef Oscar Almgren til NETT NO etter sommaren i fjor.

Tur- og aktivitetsselskapet venta også ein god sommar i år, då NETT NO snakka med Almgren tidlegare i år.

I tillegg til turaktivitetar, består Uteguiden-konsernet av Surdeigsbakeriet, ein kafe i Stranda sentrum og selskapet Stranda Event, som arrangerte Stranda Fjord Trail Race i fjor.

Dei siste åra har også Erlend Hjelme og Erlend Ringstad kome inn på eigarsida, saman med Almgren.

Publisert: 16.08.2023 14:11

Sist oppdatert: 16.08.2023 14:17

Mer om