Viste statsråden omstilling i praksis
Krisehjelp gir fleire bein å stå på, men kontantstøtteordninga treff ikkje sesongbedrifter, påpeiker Uteguiden-sjefen.
Tysdag var næringsminister Iselin Nybø som kjent i Ålesund for å lansere det nye Eksportstrategirådet. Samtidig nytta ho anledning til eit besøk hos Uteguiden og gründeren Oscar Almgren i Brosundet.
Uteguiden er mellom dei største bedriftene på naturbaserte opplevingar i regionen. Svenske Almgren starta med fjellbasert guiden med utgangspunkt i Stranda, men i dag driv han eit minikonsern med verksemd også i Ålesund, Valldal og Åndalsnes.
– Både ho og følgje var veldig interesserte og det litt artig å få vise fram i praksis korleis vi jobbar med å omstille oss - slik bransjen har fått beskjed om, fortel Almgren til NETT NO etter besøket.
(saka held fram under)
Pussar opp lokala i Ålesund
Med krisestøtte på halvannan million kroner frå Innovasjon Norge, har Uteguiden vore i stand til å ta nye steg.
– No jobbar vi med å pusse opp lokala i Ålesund der vi skal ha ei butikkløysing med sal av meir utstyr, fortel han.
Utviding med utstyrssal kjem som følgje av spørsmål frå kundar som lurer på kva type ski eller kle dei bør ha. Reiselivsgründeren har allereie i fleire år jobba med å skaffe fleire bein å stå på. Å få skituristar, til å dra på båttur i tillegg, er ein anna måte dei har skaffa meirsal på.
(saka held fram under)
NETT NO har tidlegare omtala satsinga på Surdeigsbakeriet på Stranda og skredkveldar på nett. Almgren har også starta ungdomskafé og møtestad i Stranda sentrum. Padleturar i Ålesund er eit anna tilbod Almgren har hatt nokre år, og næringsministeren fekk prøve seg ein tur på vatnet i kajakk.
Tapte millionar – fekk titusener i støtte
Under besøket fekk næringsministeren klar beskjed om at kompensasjonsordninga for faste utgifter passa dårleg for sesongbedrifter. Uteguiden tapte millionbeløp kvar månad under katastrofesesongen i fjor, medan kontantstøtte dei fekk, var på mellom 14.000 og drygt 20.000 kroner.
– Vi har også søkt om kommunal støtte, men har ikkje fått noko så langt, fortel Almgren.
(saka held fram under)
Millioninntekt på Mission Impossible
Ein stor jobb for Tom Cruise-filmen Mission Impossible, var mellom oppdraga som sikra at selskapet kom heilskinna gjennom koronaåret.
Under statsrådbesøket avslørte Almgren at filmjobben utgjorde kring éin million i omsetninga deira i fjor.
Sjølv om pandemien har skapt vanskar for reiselivsbedrifta, er økonomien solid nok til at dei klarar seg. I starten av mai blei fusjonen med Valldal Naturopplevingar gjennomført. I fjor hadde den nye delen av verksemda ein rekordsommar med besøk av norske turistar.
Publisert: 03.06.2021 05:57
Sist oppdatert: 03.06.2021 00:35