Kort fortalt

Svakare bustadprisvekst dei neste åra

Rapport frå Samfunnsøkonomisk analyse.

26.10.2021

(NPK-NTB): På landsbasis vil bustadprisane stige 6,9 prosent mellom 2022 og 2024, ifølgje ein rapport frå Samfunnsøkonomisk analyse.

Det er langt svakare enn det veksten har vore, ifølgje Dagens Næringsliv.

– Det er fleire teikn til at prisnivået byrjar å nærme seg ein smerteterskel, då særleg i Oslo, seier sjeføkonom Andreas Benedictow i Samfunnsøkonomisk analyse.

Til samanlikning ventar analyseselskapet ein årsvekst for 2021 på 10,3 prosent på landsbasis.

Oslo-prisane er venta å stige 8,8 prosent mellom 2022 og 2024, Så følgjer Viken med 7,7 prosent. Lågast vekst er det venta i Troms og Finnmark, med 3,5 prosent.

Til Avisa Oslo seier administrerande direktør Carl Geving i Norges Eiendomsmeglerforbund at ei svakare prisutvikling er noko dei i utgangspunktet meiner er bra.

Han er bekymra for hushald med låg inntekt, som har problem med å komme seg inn på bustadmarknaden. Geving etterlyser fleire små leilegheiter

– Svaret er å byggje meir variert. Det er ikkje snakk om bøttekott, men gode bustader med ein storleik som gjer at fleire har råd til å kjøpe. I tillegg må vi sjå på alternative buformer og løysingar med kollektive element, seier han.

(©NPK)

Publisert: 26.10.2021 08:15

Sist oppdatert: 26.10.2021 08:18

Mer om