A Alesund trekker opp boligprisene i fylket
Illustrasjonsfoto: GangerRolf, Wikimedia Commons
Nytt

Svakast i landet siste året

Prisveksten for bustader i resten av landet har vore meir enn dobbelt så høg som i Ålesund.

05.10.2021

Det siste året har bustadprisane i Ålesund stege med 3,8 prosent – mindre enn halvparten av landsnittet på 8 prosent.

Ålesund er også det området i landet der det i september tok lengst tid å få seld bustaden – 65 dagar. Snittet for heile landet låg på 35 dagar.

Det kjem fram i fersk statistikk frå Eiendom Norge lagt fram på ein pressekonferanse tysdag formiddag. Elles kjem det ikkje fram lokale tal for Nordvestlandet i pressemeldinga, eller månadsrapporten (ekstern lenke).

Sterkare september enn normalt
For september månad viser tala at bustadprisane fall med 0,9 prosent førre månad. Korrigert for sesongvariasjonar steig dei med 0,2 prosent, viser nye tal frå Eiendom Norge.

– Bustadprisane i Noreg utvikla seg sterkare i september enn det som er normalt for månaden. Fleire byar som Kristiansand, Stavanger, Trondheim og Bodø hadde ein sterk sesongkorrigert utvikling, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

Rekordmange selde bustader
I september vart det selt 10.378 bustader i Noreg, noko som er 6,8 prosent færre enn i tilsvarande månad i 2020. Same månad vart det lagt ut 9.987 bustader til sals, noko som er 7,1 prosent færre enn tilsvarande periode i fjor.

So langt i år er det lagt ut 84.636 bustader for sal i Norge, noko som er 3,8 prosent fleire enn i same periode i 2020. Det er ny rekord.

- Det er selt noko færre bustader i september i år enn i fjor, men så langt i år har det aldri vore lagt ut eller selt så mange brukte bustader, seier Lauridsen.

Publisert: 05.10.2021 12:35

Sist oppdatert: 05.10.2021 14:32

Mer om