Husein Ali Hareid Tekstil Foto Marius 2
HANDVERK: – Eg fiksar alt mogleg, fortel skreddaren Husein Ali som driv Hareid Tekstil. Alt frå møblar, klede og båtkalesjer får nytt liv med hans hjelpande hender. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Gir nytt liv til gamle ting

Husein Ali opplever ofte at folk kastar noko han kunne ha reparert. Gjenbruk er meir aktuelt for fleire bransjar.

Marius Rosbach
28.12.2024

Gjenbruk og sirkulærøkonomi får langt meir merksemd enn tidlegare. Alt frå møblar til bygningsmaterialar kan få nytt liv. 

Husein Ali tilhøyrer likevel eit yrke det er blitt færre av. Kurdaren frå Syria er utdanna skreddar og kom til Noreg i 2015. For kring fire år sidan starta han Hareid Tekstil. 

– Eg fiksar alt mogleg, og kan sy alt. Det er ikkje noko problem, seier Husein. 

  • Jul- og nyttårsdagane legg redaksjonen ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i årets NETT NO-magasin. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar. 
  • Les heile magasinet her

Herreskreddar står på lista til Utdanningsdirektoratet over verneverdige tradisjonshandverksfag. Men verksemda til skreddaren på Hareid er langt meir mangfaldig enn som så. 

– Eg har mest jobb med å reparere møblar, men eg fiksar også sko, klede og båtkalesjer. Eg har også ein spesialmaskin til å reparere tepper. Eigentleg kan det vere alt mogleg, seier han. 

Dei fleste kundane til Husein er privatpersonar. Han gjer også oppdrag for firma som ønsker å fornye møblar. 

Husein Ali Hareid Tekstil Foto Marius 4
TRADISJONELT YRKE: Som skreddar representerer Husein Ali eit tradisjonelt handverksyrke som det har blitt færre av. har hatt ulike jobbar i livet, men starta som skreddar i heimlandet for over 20 år sidan. I 2015 kom han til Noreg. Foto: Marius Rosbach

Mange kastar brukbare møblar  
Når Husein sjølv drar til miljøstasjonen for å levere avfall, ser han at mange kastar ting som kunne vore reparert og blitt fullt brukbare. 

– Eg ser mange kastar sofaer og stolar som har tre i god kvalitet, der ein kunne skifta stoffet eller skinnet. Det er ikkje bra, seier han og ristar på hovudet. 

Han trur mange ikkje veit at det går an å reparere ting, eller kanskje dei ikkje veit at det finst ein lokal skreddar som kan gjere jobben. 

Her i Noreg har eg reparert møblar som har vore 70, 80 og 90 år gamle, og der treverket er like fint.
Husein Ali

Nokre gonger opplever han at folk seier at dei har eit møbel dei meiner er for dårleg til å reparere. Då kan han ofte svare at: – Nei, dette kan eg fint fikse. 

Han merkar stor skilnad på møblar laga i Noreg og av produsentar i utlandet. Stikkordet er kvalitet. 

– Her i Noreg har eg reparert møblar som har vore 70, 80 og 90 år gamle, og der treverket er like fint, seier han. 

– For eksempel har eg fiksa mange møblar frå Ekornes, legg han til. 

Hareid Tekstil sofa foto privat
GOD SOM NY: Skinnsofaen blei frakta frå Oslo til Hareid for å bli trekt om. Etter eit opphald hos Hareid Tekstil er han blitt god som ny. Foto: Hareid Tekstil

Han fortel at fleire i Syria enn i Noreg valde å reparere møblar og forbruksgjenstandar. Samtidig blei ein del kasta fordi kvaliteten ikkje var god nok til at det lønte seg å reparere. 

Skreddaren opplever at det er få konkurrentar i regionen. 

– Kundane kjem frå både Stryn, Volda, Ørsta, Ålesund, Fosnavåg og Kristiansund – og til og med frå Oslo, seier han. 

Nyleg fekk han levert ein sliten skinnsofa på hengar frå Oslo. Etter eit opphald i verkstaden til Husein vart møbelet så godt som nytt. 

Husein Ali Hareid Tekstil Foto Marius 3
LÅGE PRISAR: Skreddaren har opparbeidd seg eit solid lager med stoff og skinn. Han kjøper gjerne inn store volum for å få lågare pris. Foto: Marius Rosbach

Møbelprodusentar følger trenden 
Nokre rutinejobbar har Husein fast pris på, medan oppdrag som å trekke om møblar eller å lage båtkalesjer blir gjort etter ein timepris som langt frå er avskrekkande. 

– Eg gjer ofte jobben til halve prisen samanlikna med andre firma, seier han. 

For å klare å halde låge prisar kjøper han gjerne inn store volum. Bestillingar på fleire hundre meter med skinn eller stoff er ikkje uvanleg. 

– Når eg kjøper mykje stoff, får eg langt lågare pris, seier han. Skreddaren meiner mange nordmenn som har innreidd heimane sine med kvalitetsmøblar, bør ha gode moglegheiter for meir gjenbruk. 

Nokre møbelprodusentar har også gått inn på denne marknaden. Fora Form i Ørsta er mellom dei som har lansert ei gjenbruksløysing kalla «ReForm». Slik kan folk levere utvalde originalmøblar inn til reparasjon. 

Årsaka var at trendane i marknaden peika mot å tenke meir sirkulært og berekraftig, opplyste Fora Form-sjefen til NETT NO. 

Espen Hoidal More Miljosanering foto privat
AUKA INTERESSE: Espen Høidal i Møre Miljøsanering merkar auka interesse for å ta vare på ressursane i byggebransjen. Sykkylven-firmaet har planar om å etablere ein stasjon for ombruk av materiale. Foto: Møre Miljøsanering 

– Har vore ei veldig utvikling 
Byggebransjen er ei anna næring der gjenbruk er blitt meir aktuelt. Her har Møre Miljøsanering funne ein nisje. 

Espen Høidal starta sykkylvsbedrifta i 2013, og ho har vakse år for år. Då denne artikkelen blei skriven, var dei elleve tilsette. 

– Det har vore ei veldig utvikling dei siste åra, fortel han. 

I byggebransjen skil ein mellom gjenbruk og ombruk. Medan gjenbruk dreiar seg om å nytte materialar på ein ny måte i staden for at det blir til avfall, er ombruk å nytte same gjenstanden fleire gonger. 

I dag opplever vi at avfallet vårt er blitt ein ressurs og ettertrakta vare.
Espen Høidal

Medan det tidlegare var vanleg å «klaske ned» eit bygg og deponere store delar av materialane, ser fleire at dette er ein lite berekraftig måte å gjere ting på. Ombruk er difor blitt meir etterspurt av kundane. 

– I dag opplever vi at avfallet vårt er blitt ein ressurs og ettertrakta vare, fortel han. 

Utviklinga heng òg saman med nye krav frå styresmaktene. Mellom anna er det innført krav om å kartlegge moglegheitene for ombruk om ein skal rive bygg over ein viss storleik. 

More Miljosanering gjenbruk foto More Miljosanering 11
KAN BRUKAST OM ATT: Då Skoghaug Industri skulle rive og bygge nye kontorlokale i Spjelkavik, vart mykje av ressursane ombrukt eller gjenvunne. Foto: Møre Miljøsanering

Stasjon for ombruk 
Espen Høidal meiner det framleis er mykje rom for betring. Pris er berre ei av utfordringane. 

– Mange vil ha ting omtrent gratis og skjønar ikkje at også ombruk kostar, seier han. 

Samtidig har han opplevd folk som har renovert bustader og har bedt om at det berre blir nytta løysingar for ombruk. 

I praksis kan det likevel vere vanskeleg å få til. Ei utfordring er rett og slett å finne materialar ein kan nytte om att. 

Det forsøker Møre Miljøsanering å gjere noko med. Dei har starta i det små med ein eigen stasjon i Sykkylven der folk kan plassere materialar som er eigna for ombruk. Dei har også fått støtte frå kommunen til å starte ein stasjon for ombruk i større skala, der dei ønsker å samarbeide med andre. 

– Det er fleire som er interesserte i å vere med, og vi meiner det kan ligge ein stor gevinst i dette, seier Høidal.

  • Jul- og nyttårsdagane legg redaksjonen ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i årets NETT NO-magasin. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar. 
  • Les heile magasinet her

Publisert: 28.12.2024 05:00

Sist oppdatert: 27.12.2024 12:55

Mer om