Kort fortalt

Tareprodusent doblar produksjonen

– Trur tare vil vera eitt av beina Lerøy skal stå på

13.10.2020

(NPK): Den største tareprodusenten i Noreg opplever aukande etterspurnad og doblar produksjonen.

– Eg trur tare vil vera eitt av beina Lerøy skal stå på, ved sida av laks- og aureoppdrett, seier teknisk leiar i Lerøy Seafood Group, Harald Sveier, til

Sveier er også dagleg leiar i selskapet Ocean Forest som er eit selskap Lerøy og Bellona har starta saman for auka produksjonen av tang og tare og ein meir berekraftig og miljøvennleg matvareproduksjon.

Ifylgje NRK fjor produserte dette selskapet i fjor 75 tonn tare på fire lokalitetar utanfor kysten av Hordaland.

– Taren er så etterspurt at dei me selde til i fjor var veldig fortvila over at me ikkje hadde meir, seier Sveier.

Til neste år er planen å dobla produksjonen.

(©NPK)

Publisert: 13.10.2020 15:12

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:48