Kort fortalt

Taxi-selskap vil ikkje svare

Har fått storkontrakt frå helseforetaket.

04.04.2022

Ingen frå selskapet Persontransport1 As vil svare Sunnmørsposten på spørsmål kring avtalen dei har sikra seg med Helse Midt-Norge.

Kontrakten på drygt 300 millionar kroner er omstridd og konkurrenten Nordvest Taxi har klaga kontraktstildelinga inn for KOFA, Klageorganisasjonen for offentlige anskaffelser.

Nordvest Taxi meiner det nystarta selskapet ikkje oppfyller vilkåra for å vere med i anbodskonkurransen, men nådde ikke fram i lagmannsretten med sitt krav om at kontraktstildelinga må settast til side inntil KOFA er ferdig med si klagehandsaming.

Avisa ville ha svar på korleis dei skal drive til beste for pasientane. Persontransport1viser til den pågåande saka i rettsapparatet, og skriv at dei «på dette stadiet» ikkje ønsker å kommentere forhold knytt til avtalen.

Ein gjennomgang Sunnmørsposten har gjort av rollene til dei fire eigarane i Persontransport1, viser generell svak økonomi hos dei andre verksemdene deira med sein levering av rekneskap, tapt eigenkapital i selskapa – og involvering i fleire konkursar.

Publisert: 04.04.2022 10:26

Sist oppdatert: 04.04.2022 12:46

Mer om