(NPK-NTB): Frå 1. juli gjeld den nye Yrkestransportlova, og då forsvinn køyreplikta for drosjer heile døgnet. Distrikta og eldre kan bli hardt ramma.
– Med denne lovendringa blir 24 timars beredskap avvikla, seier Hallgeir Torpe, nestleiar i Norges Taxiforbund Hordaland og drosjesjåfør i Hardanger til .
Medan ein i dag kan ringe etter drosje når som helst og alltid vite at éin sjåfør er på jobb, inneber den nye lova at ingen drosjesjåførar har plikt til å vere i beredskap på tider av døgnet færre treng taxi, som midt på dagen eller midt på natta.
Torpe påpeikar at særleg eldre nyttar seg av drosje på tidspunkt som kan bli valt bort å ha som «opningstid». Han seier Danmark og Finland allereie har opplevd at slik lovendring gir dårlegare tilbod i distrikta, med høgare prisar og dårlegare dekning.
– Finland vil reversere dette, og greier no ut korleis dette skal bli gjort. I Sverige skjer det same. Det er ikkje bilar å få tak i på ugunstige tider, seier han.
Statssekretær Anders B. Werp (H) i samferdselsdepartementet seier fylkeskommunen kan stille krav til tilbodet i distrikta.
– Då vil fylket kunne gi einerett i delar av geografien sin og setje krav om driveplikt heile døgnet, seier Werp.
(©NPK)

Publisert: 05.02.2020 08:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30