Sjobris foto
MEDHALD: Saksøkjarane arbeidde ombord i Sjøbris (biletet), som også fiska kvota til eit anna selskap i Teige Rederi-systemet. Foto: Wikimedia
Kort fortalt

Teige Rederi frifunne for lønskrav

Saksøkarane må betale sakskostnader i staden for å få innfridd lønskrav.

08.10.2024

Frostating lagmannsrett har frifunne Teige Rederi for lønskrav frå to tidlegare tilsette, ifølgje Vestlandsnytt

Dei to maskinoffiserane vann fram i tingretten med krav på kring 440.000 kroner, men tapte altså neste rettsrunde. 

I staden for å få innfridd krava, må dei betale reiarlaget sine sakskostnader på 185.000 kroner. Det gjeld ankebehandlinga i lagmannsretten. 

Bakgrunnen for usemja er ulike vurderingar av konsekvensen av fleire endringar i Teige Rederi-systemet, der Sigurd Teige og familie, er eigarar.

Saksøkarane slutta i selskapet i løpet av hausten 2022, men meinte dei hadde utbetalingar til gode, og gjekk til sak.

Hovudpoenget i saka gjeld om dei to hadde rett på inntekter frå leigefartøyet Sjøbris etter dei hadde slutta i jobben. 

Publisert: 08.10.2024 15:17

Sist oppdatert: 08.10.2024 15:17

Mer om