Kort fortalt

Testar hurtigtestar mot korona

Kan bli tekne i bruk om kort tid.

25.03.2020
NPK-NTB: Norsk kvalitetsforbedring av laboratorieundersøkelser (Noklus) og Folkehelseinstituttet prøver ut dei såkalla hurtigtestane, skriv Bergens Tidende.
– Ein slik test vil vere spesielt god for å kartlegge kor mange som allereie har vore sjuke. Dei kan vere eit godt supplement til den testen som allereie blir brukt av helsepersonell, seier overlege Mette Christophersen Tollånes i Noklus til .
Testane som blir brukte i dag blir kalla PCR, men testkapasiteten er avgrensa. Dei nye testane skal vere enkle å bruke og gir svar på ti minutt, og dei kan vise om folk har vore sjuke.
Utprøvinga startar truleg neste veke, og Folkehelseinstituttet opplyser at dei nøye vurderer korleis testane skal tilrådast.

Publisert: 25.03.2020 08:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29