Kort fortalt

Ti elbussar i drift i Møre og Romsdal

Settt i trafikk frå årsskiftet. 

10.12.2020
(NPK): Frå 1. januar neste år, blir dei ti første el-bussane i Møre og Romsdal sette i drift i Ålesund.
Erfaringa med dei ti bussane i Ålesund skal legge grunnlaget for å vurdere korleis fylkeskommunen kan legge til rette for el-buss i dei framtidige bussanboda i andre delar av fylket, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei .
– El-bussar er nytt for oss. Derfor er det naturleg at vi startar med nokre bussar og heller utvidar etter kvart. Vi må vite at dei fungerer godt i dei vêr- og føreforholda vi har her og at infrastrukturen for lading fungerer slik han skal før vi får inn fleire el-bussar, seier Jesper Wiig.
Sjølv om elbussane i dag er dyrare å kjøpe inn enn bussar som går på diesel, meiner fylkeskommunen at det vil jamne seg ut gjennom kontraktsperioden. Driftsutgiftene er 24 prosent lågare på ein el-buss enn på ein buss som går på diesel.
I kontrakten mellom VY Buss og fylkeskommunen heiter det at operatøren skal levere ein årleg miljørapport med CO2-rekneskap, forbruk av drivstoff og ei oversikt over køyrde kilometer på ulike drivstoff. Reduksjonen i klimagassutslepp skal òg dokumenterast, skriv fylkeskommunen.
(©NPK)

Publisert: 10.12.2020 10:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24