(NPK): Genane til ferskvasslaksen skal forskast på. No har prosjektet fått ti millionar kroner i støtte frå Noregs forskingsråds havbruksprogram
I det komande prosjektet er det genane til ferskvasslaksen som skal under lupa. Frå før har forskarane fylt opp «genbiblioteket» til saltvasslaksen. Framover skjer fleire fasar av lakseproduksjonen, som smoltfasen, i ferskvatn. Då trengst det kunnskap om eigenskapane til ferskvasslaksen.
– Dette er forsking i eit berekraftperspektiv. Vi kjem til å samanlikne ferskvasslaks og saltvasslaks når det gjeld sjukdomsresistens, smoltinfisering og omega-3-innhald. Vi håper å finna ut meir om kva eigenskapar som oppdrettslaksen i framtida bør ha, forklarar forskar Anna Wargelius ved i ei pressemelding.

(©NPK)
Publisert: 18.11.2020 12:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24