Kort fortalt

Tidlegare Kleven-selskap med Hurtigruten-jobb

Fjordtec på veg til å stå på eigne bein.

22.01.2021
Etter konkursen i Kleven Maritime Technology i fjor, starta fleire tilsette opp selskapet Fjordtec, som no er på god veg til å stå på eigne bein, skriv .
No jobbar dei med å prosjektere ei større ombygging av hurtigruteskipet MS Finnmarken. Reiarlaget har planar om å nytte skipet på ekspedisjonscruise. Førebels er det ikkje avgjort kva verft som får oppdraget.
Trond Liavaag, Mikal Marø Warholm, Svein Andre Gjerde og Petter Are Vik eig ein firedel kvar av selskapet som formelt heiter Fjord Technology. Siden dei tok over eigendelane og arkivet til det konkursråka selskapet, kunne dei halde fram å serve sine gamle kundar vidare.
– Vi har lukkast med å sikre oss viktig arbeid etter oppstarten, og vi ser det blir meir arbeid etter kvart. Vi ser veldig positivt på dette, og håper sjølvsagt at det tek seg ytterlegare opp. Vi har fått god støtte frå mellom anna NAV og ÅKP no i starten, og er godt på veg til å stå på eigne bein, seier Fjordtec-gjengen til avisa.

Publisert: 22.01.2021 10:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23