Kort fortalt

Tilliten til politiet går ned på bygda

Motsett utvikling i byane.

03.02.2021
NPK: Medan tilliten til politiet aukar i byane, går han ned på bygda.
– Forskjellane blir større. Brannvesen og ambulanse er tydelege på at dei ønsker politiet tidlegare på åstad enn det som er tilfelle i dag, seier leiar i Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad, til .
Forbundet har åtvara mot ei utvikling der politiet brukar for langt tid på å komme til åstaden i distrikta. Bolstad seier det handlar om å ha politi der folk bur, og at dei ikkje har lykkast i tilstrekkeleg grad. Med nærpolitireforma i 2015 førte til at 120 lensmannskontor i Noreg vart lagde ned.
I innbyggjarundersøkinga til politiet for 2020, kjem det fram at tilliten til politiet er høgare i alle tettstader i 2020 enn i 2019, medan tilliten går ned på bygda. Forskjellane er større enn før.
I dei store kommunane svarer 64 prosent at dei meiner politiet kjem raskt til staden medan i dei små kommunane svarer 39 prosent det same.

Publisert: 03.02.2021 05:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23