Kort fortalt

Tilrår to hav-vindområde

Vil opne felt vest for Haugesund og sørvest for Jæren.

03.04.2018
NPK-NTB: NVE tilrår to område for oppstart av havvindproduksjon. Det er ingen vesentlege endringar frå konsekvensutgreiinga av havvind i 2012 og 2013, meiner dei.
– Dersom det skal opnast to område for fornybar energiproduksjon til havs no, anbefaler NVE utgreiingsområda Utsira nord og enten Sørlege Nordsjø I eller II for opning, heiter det i meldinga frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Meldinga frå NVE kjem etter at dei fekk i oppdrag av Olje- og energidepartementet (OED) å vurdere kva to område som bør opnast for produksjon no, og om det har skjedd endringar som påverkar anbefalingane gitt i Havvindrapporten frå 2012 og 2013.
Det har det ifølgje NVE ikkje gjort, men dei opplyser at kostnadane på havvind har gått ned raskare enn det som vart lagt til grunn i konsekvensutgreiinga.
I Havvindrapporten konkluderte NVE med at områda Sørlege Nordsjø I eller II, Utsira nord, Frøyagrunnane og Sandskallen-Sørøya nord skilde seg ut som gode område for vindkraftproduksjon.

Publisert: 03.04.2018 13:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39