Ein kaptein og ein styrmann i Fjord1 har saksøkt arbeidsgjevaren fordi dei meiner selskapet ikkje kan pålegge dei å utføre arbeidsoppgåver knytt til kioskdrift, skriv .
LO-advokat Imran Haider som representerer dei tilsette, meiner det er ei prinsippsak som vil ha konsekvensar for skipsførarar i andre reiarlag.
Dei tilsette viser til at arbeidet med å fylle på og bestille varer, ta oppgjer og gjere reint i kioskane, er vesentleg ulikt frå arbeidsoppgåvene som kaptein og styrmann. Samtidig meiner dei at det har eit sopass omfang, at det ikkje går i hop med ansvaret dei har for sjøsikkerheita.
Fjord1 meiner dei kan pålegge dei tilsette dette ansvaret, og viser mellom anna til at verken arbeidsavtalen eller tariffavtale spesifiserer kva for arbeid ein styrmann skal ha. Reiarlaget viser også til at stillingsinstruksen for styrmannen gjeld ansvar for dekksdepartementet – der dei meiner kioskoppgåvene høyrer heime.
Saka skal opp for Sogn og Fjordane tingrett den 17. og 18. mars, ifølgje avisa.

Publisert: 10.03.2020 15:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29