Kort fortalt

Tilskot til selfangst

2,5 millionar til to selskap.

20.03.2018
NPK: Fiskeridirektoratet har no fordelt støtta til selfangst for 2018 og tilskotet på 2,5 millionar kroner går til høvesvis Norse marin AS med 1,5 million kroner og Kvitungen AS med ein million kroner.
Av pengane til Norse marin AS skal ein million kroner gå til selfangst og 500.000 kroner til mottak, medan tilskotet til Kvitungen AS på ein million kroner går berre til fangst av sel.
Tilskotsordninga er oppretta for å bidra til å skape størst mogleg verdiar basert på råstoff frå sel.
Det kom inn fire søknader om tilskot, men ut frå storleiken på beløpet blei det bestemt at berre to søknader ville bli innvilga.

Publisert: 20.03.2018 14:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39